Krypsoleie

Foto: G E Nilsen

 

Krypsoleie er ei plante i soleiefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing og er mykje av ein kosmopolitt. Planta vert kring 2 dm høg og er mørkgrøn, snau eller håra. Krypande stengel med røter ved ledene og opprette greina stenglar. Bladet delt i tre tydeleg skafta flikar. Snau nøtt med kort rett nebb. Blømer kring juni månad på fuktige stader og i åkrar. Vanleg gjennom heile Noreg. Funnen opp til 1230 m på Hardangervidda.

Copyright © 2015. All Rights Reserved.