Blåknapp

Foto: Gunnar E Nilsen

 

Blåknapp er ei fleirårig plante i kardeborrefamilien. Utbreidd i Europa, Asia, og Nord-Afrika. Stengelen er kring 4 dm høg, snau og blank nedst. Tjukke blanke blad, oftast snaue. Halvkuleforma korg, om lag 2 cm brei. Blå eller blåfiolett krone med lang kronrøyr. Griffelen og mjølknappane stikk ut. Planta blømer kring august månad på fuktige stader, beite og lyngmark. Vanleg langs kysten i sør. Veks i Noreg nord til Vesterålen. Meir fåtalig inne i landet.